"Frå hulder til himmel"


I samarbeid med Sørnorsk folkemusikksenter presenterer Klingende kirkelandskap konserten «Frå hulder til himmel» med folkesongarane Anne Gravir Klykken frå Telemark, Olaf Moen frå Agder og Tone Krohn frå Vestfold. Konserten «Frå hulder til himmel» er ein folkeleg konsert med magiske moment frå regionens rike songarv.
Billetter kr. 200/150  ved inngang og TicketCo. Under 15 år gratis. 

Folkesongarane Anne Gravir Klykken frå Telemark, Olaf Moen frå Agder og Tone Krohn frå Vestfold har alle sans for regionens unike historier og rike folkesongarv. I konsertprogrammet «Frå hulder til himmel» vil publikum få oppleve eit hjartevarmt program med glimt i auget, naturkraft og sakrale moment, der all musikken har røter i Vestfold, Agder og Telemark. På kvar sin kant har dei markert seg som spennande og dyktige tradisjonsberarar. Mykje av repertoaret i konsertprogrammet vil vere henta får deira eige respektive innsamlingsarbeid. Viser og vers frå kyststrøka utafor og dalstrøka innafor vitnar om at både huldra og fromme husmannsfolk har levd side om side i dette landskapet – frå norrøn tid og heilt fram til i dag. Både kjende og meir ukjende folkesongar vert presentert av tre dyktige formidlarar. 

ANNE GRAVIR KLYKKEN er eIn folkesongar frå Solum utanfro Skien i Telemark som har si musikkutdanning frå HiO, UiA og USN – institutt for tradisjonskunst og folkemusikk. Anne har vært med på en rekke ulike prosjekter og innspillinger opp igjennom åra. Hun har i tillegg til Jon Solberg, Frøydis Grorud og Torjus Vierli, blant andre samarbeidet med Iver Kleive, Helge Andreas Norbakken, Snorre Bjerck, Aasmund Nordstoga, Audun Kleive, Bugge Wesseltoft, Tre Sopranos, Mattis Kleppen, Sigmund Groven, Knut Buen, Ottar Kaasa, Rita Engedalen, Daniel Eriksen, Per Einar Watle, Kenneth Ekornes, Steinar Raknes og Torgeir Straand.

OLAF MOEN er ein folkesongar, tradisjonsnerd og folkedansinstruktør frå Akland i Risør kommune. Han har budd i Valle i Setesdal, Rauland, Arendal og Kristiansand, før han for eit par år sidan overtok barndomsbruket på Akland og flytta heim. Han er aktiv med folkemusikk og folkedans der, både lokalt i ungdomslaga og i rekrutteringsprosjektet «Tragder», der han leiar kvedarsamlingar og dansekurs. Olaf har vore aktiv med folkemusikk og -dans i snart 30 år, og har gått i songlære både hjå m.a. Kirsten Bråten Berg, Torbjørg Aamlid Paus og Frode Nyvold. Olaf har også samla inn folkesong på eiga hand, og endevendt arkiv på jakt etter lokalt songstoff. Heile tida har han vore på jakt etter å finne sin eigen stemme og form, og ligg ein stad i landskapet mellom å vere tradisjonalist og nyskapande. Han er glad i det noko enkle lydbiletet der instrument og stemme får kome til sin rett.

TONE KROHN er ein folkekunstnar og komponist med Master i musikk fra UiO. Ho har ved sida av si utøvande verksemd vore lektor og songpedagog ved musikklinja på Sandefjord videregåande skule.Med blikk for fortida sin magi har Krohn satt Vestfold sin vokale folkemusikk på kartet. Krohn har revitalisert eiget innsamlingsarbeid gjennom konsertar og album-innspillingar. Med sine moderne folkemusikk-komposisjoner vidarefører Krohn tradisjon i overraskande og nye former, og musikken hennar tolkast av kor over heile verda.

Tilbake
Del